Haram omsorgsdistrikt, Haram Omsorgssenter
$ads={1}
Ålesund kommune søker etter sjukepleiar/vernepleiar i 100 % stilling ved Haram Omsorgssenter. Det er to ledige stillingar for tiden tilknytta rehabiliteringsavdeling og demensavdeling, for tiden i turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Det er 1 ledig sjukepleiarstilling tilknytta korttidsavdeling, for tiden arbeid i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi på Haram Omsorgssenter har ein visjon om å vidareutvikle måten vi tenkjer på i kommunehelsetenesta. Vår sektor er i stadig endring og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med å bidra til denne endringa. Vi har fokus på fagleg- og teknologisk utvikling samt å jobbe aktivt med dei etiske utfordringane vi møter i kvardagen. Vi kan tilby mange faglege utfordringar innanfor fleire felt. bl.a. velferdsteknologi, palliativ behandling, rehabilitering, demensomsorg og faste bebuarar. Haram Omsorgssenter ligg i tillegg i eit naturskjønt område med fjell i ryggen og utsikt til havet. Her er og kulturelle tilbod og Ålesund sentrum ligger kun 45 min unna med bil.
14.07.2023
Ålesund kommune
Brattvåg
Sjukepleiar/vernepleiar
3
Heiltid
Fast
100
4683135382
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvarsvakter som sjukepleiar der ein har det overordna ansvaret på avdelinga.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Personar som er ferdig utdanna i løpet av 2023 kan søke.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Sjukepleiar/vernepleiar med interesse og kunnskap for demensomsorg.
- Sjukepleiar med interesse og kunnskap om rehabilitering.
- Personleg egnethet vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Ålesund kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabiltering, korttidspasientar, demens og langtidspasientar.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Vakter i turnus som har reint sjukepleiefagleg fokus (legevisitt, medisinrom, ansvarsvakter utanom pleie).
- Forhandlingsturnus.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gratis parkering!
Kontaktinformasjon
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.